søndag 14. november 2010

IKT-kurs Refleksjon over 2. arbeidskrav

Oppgåva er gjennomført som gruppearbeid i samarbeid med Arne Klakegg, Ola Kvitenes og Anders Bruvoll. Gjennom arbeidet med oppgåva har eg blitt kjent med bruk av Diigo til å katalogisere og systematisere lenker til ulike nettadresser og Wikispaces til å samskrive og presentere artiklar omkring hovudtemaet Ungdom og medievanar. Samarbeidet i gruppa har vore noko prega av at to av medlemmene, Arne og Ola, tidleg var i gang med arbeidet medan Anders og eg først kom skikkeleg i gang då fristen begynte å nærme seg.

Vi har valt oss kvart vårt emne under hovudtemaet og skrive kvar vår artikkel som vi har lagt inn i wikien. Dei andre på gruppa har bidratt med kommentarar og forslag til endringar. Eg har teke for meg temaet "Ungdom og chatting på Internett". Gjennom dette arbeidet har eg fått ei betre forståing av kva chatting er og kva forhold ungdom har til dette mediet. Spesielt interessant var det å lese kva forskar Vebjørg Tingstad ved NTNU hadde funne ut gjennom eit to års studium av korleis barn og unge bruker Internett til å kommunisere.

Lenkar
Fabulous-four Diigo
Fabulous-four Wikispaces

søndag 17. oktober 2010

Arbeidskrav IKT - Refleksjon over eigen læringsprosess

Gjennom arbeidet med oppgåva har eg fått høve til å prøve ut (ein del av) dei funksjonane som finst i Google Doc. Etter det eg har erfart, er det først og fremst delingsfunksjonen som gjer dette til eit attraktivt verktøy. I undervisningssamanheng kan det vere aktuelt å nytte dette verktøyet i samband med ei gruppeoppgåve eller prosjektoppgåve. Det er då ein stor fordel at det er eit nettprogram og at ein dermed slepp å installere programmet. Presentasjonseditoren i Google Doc minner mykje om Power Point, men manglar ein del av dei funksjonane som finst i Power Point. Eg ser difor ikkje dette som noko godt alternativ til Power Point dersom ein ikkje skal dele dokumentet med andre.
Det har vore artig og interessant å debutere som bloggar på nettet. Eg er ikkje på Facebook og kjem nok til å høyre til den minoriteten også for framtida. Men eg ser klart fordelar med å bruke ein blogg til å utveksle informasjon og å diskutere og dele meiningar og erfaringar med andre.

Arbeidskrav IKT - Refleksjon om gruppearbeid

Arbeidsgruppa blei etablert på første samlinga i IKT-studiet. Gruppa er tverrfagleg samansett og består av Arne Klakegg, Ola Kvitenes, Anders Bruvoll og Frode Holen. Vi har i samarbeid utvikla eit Undervisningsopplegg i faget Prosjekt til fordjupning for studieretninga Teknikk og Industriell Produksjon. På grunn av gruppas samansetning var det naturleg å velje eit tverrfagleg tema som utgangspunkt for undervisningsopplegget. Vindkraft er eit svært aktuelt tema som berører fleire fag både på studiespesialiserande og yrkesfagleg studieretning. Ola hadde ideen til å velje dette temaet og har også gjort mesteparten av arbeidet med presentasjonen. Men resten av gruppa har kome med innspel til utforminga og bidratt til det endelege produktet. Under vegs i arbeidet har vi hatt fleire "bilmøte", lunsjmøte på Stryn vgs og eitt nettmøte i Google Doc. I nettmøtet fekk vi prøve ut Google Doc som eit verktøy til å samarbeide om eit felles prosjekt.