Gjennom arbeidet med oppgåva har eg fått høve til å prøve ut (ein del av) dei funksjonane som finst i Google Doc. Etter det eg har erfart, er det først og fremst delingsfunksjonen som gjer dette til eit attraktivt verktøy. I undervisningssamanheng kan det vere aktuelt å nytte dette verktøyet i samband med ei gruppeoppgåve eller prosjektoppgåve. Det er då ein stor fordel at det er eit nettprogram og at ein dermed slepp å installere programmet. Presentasjonseditoren i Google Doc minner mykje om Power Point, men manglar ein del av dei funksjonane som finst i Power Point. Eg ser difor ikkje dette som noko godt alternativ til Power Point dersom ein ikkje skal dele dokumentet med andre.
Det har vore artig og interessant å debutere som bloggar på nettet. Eg er ikkje på Facebook og kjem nok til å høyre til den minoriteten også for framtida. Men eg ser klart fordelar med å bruke ein blogg til å utveksle informasjon og å diskutere og dele meiningar og erfaringar med andre.
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar