Gjennom arbeidet med oppgåva har eg fått høve til å prøve ut (ein del av) dei funksjonane som finst i Google Doc. Etter det eg har erfart, er det først og fremst delingsfunksjonen som gjer dette til eit attraktivt verktøy. I undervisningssamanheng kan det vere aktuelt å nytte dette verktøyet i samband med ei gruppeoppgåve eller prosjektoppgåve. Det er då ein stor fordel at det er eit nettprogram og at ein dermed slepp å installere programmet. Presentasjonseditoren i Google Doc minner mykje om Power Point, men manglar ein del av dei funksjonane som finst i Power Point. Eg ser difor ikkje dette som noko godt alternativ til Power Point dersom ein ikkje skal dele dokumentet med andre.
Det har vore artig og interessant å debutere som bloggar på nettet. Eg er ikkje på Facebook og kjem nok til å høyre til den minoriteten også for framtida. Men eg ser klart fordelar med å bruke ein blogg til å utveksle informasjon og å diskutere og dele meiningar og erfaringar med andre.
søndag 17. oktober 2010
Arbeidskrav IKT - Refleksjon om gruppearbeid
Arbeidsgruppa blei etablert på første samlinga i IKT-studiet. Gruppa er tverrfagleg samansett og består av Arne Klakegg, Ola Kvitenes, Anders Bruvoll og Frode Holen. Vi har i samarbeid utvikla eit Undervisningsopplegg i faget Prosjekt til fordjupning for studieretninga Teknikk og Industriell Produksjon. På grunn av gruppas samansetning var det naturleg å velje eit tverrfagleg tema som utgangspunkt for undervisningsopplegget. Vindkraft er eit svært aktuelt tema som berører fleire fag både på studiespesialiserande og yrkesfagleg studieretning. Ola hadde ideen til å velje dette temaet og har også gjort mesteparten av arbeidet med presentasjonen. Men resten av gruppa har kome med innspel til utforminga og bidratt til det endelege produktet. Under vegs i arbeidet har vi hatt fleire "bilmøte", lunsjmøte på Stryn vgs og eitt nettmøte i Google Doc. I nettmøtet fekk vi prøve ut Google Doc som eit verktøy til å samarbeide om eit felles prosjekt.
Abonner på:
Kommentarer (Atom)